位於Gulen的房間
Eivindvik brygge overnatting
Eivindvik Brygge tilbyr overnatting i sentrum av Eivindvik i Gulen kommune heile året. Her kan du bu på eit av våre fjorten dobbeltrom. Eit godt alternativ for dei som vil besøkje nøkkelstaden Gulatinget på Flolid, dei to steinkrossane i Eivindvik sentrum (ein keltisk og ein anglikansk), kyrkja og andre kulturhistoriske stader i nærleiken, eller om du bare skal forbi. Sommarstid held vi frokost, restaurant og bar. Eit steinkast unna kan du handle i matbutikk mellom 9 og 18.